Du kan søke på produkt, forfatter, tittel og ISBN-nummer eller ein kombinasjon av desse.
Etterkvart som du finn det du leitar etter, legg du det i handlekorga ved å trykke på handlekorgsymbolet merket "kjøp". Når du har funne alt du ynskjer, trykker du på feltet 'Gå til kassen' i handlekorga du finn øvst til høgre. Du kan eventuelt endre antalet eller fjerne frå handlekorga. Deretter trykker du 'Gå til betaling', fyller ut leveringsinformasjonen, vel betalingsmåte og trykker "bestill". Så enkelt er det.
Finn du ikkje det du søkjer etter, kan du sende oss e-post med ein førespurnad. Vil du helst snakke med oss, er me å treffe på telefon +47 35 05 35 15.
Du vil få ein automatisk ordrebekreftelse på e-post så snart bestillinga er mottatt.
Bestillingar mottatt før kl. 15.00 sendast vanlegvis same dag. Alt avhengig av kor i Noreg du bur, tar det frå 1-5 dager å motta varene. I nokon tilfelle vel me å dele opp forsendelsen der me ikkje har alt på lager eller noko er midlertidig utseld. Du betaler sjølvsagt ikkje meir for dette. Dessutan får du alltid beskjed om når og kva for produkt som ettersendast.
Før du sender bestillinga vil du sjå kva du skal betale. Her vil du både sjå kva kvar artikkel kostar og kor mykje frakt. Kontakt oss om du har spesielle betalingsynskje - me er gjerne svært fleksible!
Skal bestillinga sendast utanlands, ber me deg kontakte oss for leveringstid og fraktkostnad.
Du har 14 dagers returrett så lenge vara er i salbar/ubrukt stand - dette er i henhold til angrerettloven.
Me dekker returporto viss det er vår feil - enten at varen er defekt eller andre feil me har gjort med bestillinga.
Publisert: 30. mai 2017