Bokhandelen i Kviteseid er ein av dei eldste bokhandlane.
Det var Kristian Torp Hansen som starta bokhandel og landhandel før 1910. Han kom frå Haderslev i Nord-Slesvig og rømde frå krig og slo seg ned i Kviteseid. Seinare overtok sønene Dag og Frode drifta.
Dei dreiv fram til 1981 då Aasulf Råmunddal kjøpte bokhandelen.
I dag er det Sveinung Råmunddal som står for den daglege drifta.
Publisert: 25. november 2015