Olaf G. Helland og felemakerkunst i Telemark fram til 1960-årene

av Kjell Chr. Midtgaard
Forlag:Scordatura Forlag
Format:Innbundet
Språk:BM
Utgitt:2015
Antall sider:210
Vekt:1100
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Fele
Område: Bø (Telemark)

Beskrivelse av boken

Kjell Christian Midtgaard synest det er skrive for lite om hardingfela. Difor laga han sjølv ei bok om felemakaren Olaf G. Hellands arbeid. Olaf G. Helland har det på seg å vere Noregs beste felemakar. Fødd og oppvaksen i Bø i Telemark flytta han til Notodden og starta felemakarverkstad der på slutten av 1800-talet. Fram til han døyde like etter 2. verdskrig var han ein aktiv felemakar. God klang, reinstemt og jamn over heile toneregisteret er ord som skildrar Hellands feler. Fyrsteklasses handtverk som er smykke for auget. Ei komplett pakke med andre ord. Kjell Christian Midtgaard gav i november ut boka «Olaf G. Helland og felemakarkunst i Telemark fram til 1960-årene».

– Det mest interessante er karakteristikken av tonane, seier Midtgaard.

Boka byggjer på kjelder, som Asbjørn Storesund og Rikard Berge.

– Eg har blitt betre kjent med Helland. Han verkar til å ha vore ein jovial og sosial kar, seier forfattaren.

Sjølv byrja Midtgaard å spele fele hos seljordingen Magne Manheim i Oslo. Etter kvart konverterte han til Kjetil Løndal frå Tuddal. Forfattaren har spela fele i mange år og eig sjølv ei Olaf G. Helland-fele.

Helland-boka har han førebudd i mange år. Det var fyrst i januar 2015 han byrja på boka.

– Korleis kom du på å skrive bok om Olaf G. Helland?

– Når ein er oppteken av felespel, så er det gjeve å kjenne Helland. Eg er også innom fleire felemakarar fram til 1960, seier Midtgaard.

Opplaget på den 208 sider store boka er 2 000. Midtgaard håpar han har teke med alle som skulle vere aktuelle innanfor feltet i boka.

– Eg håpar også boka er ein start på at det blir skrive meir om hardingfele. Det er blitt skrive alt for lite om praktisk felemakeri, seier Midtgaard.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere