Årbok for Telemark 2012

av Ragnvald Christenson (Redaktør) , Arne T Aabø (Redaktør)
Forlag:Telemark Mållag
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2012
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Historie , Telemark
Område: Porsgrunn (Telemark) , Skien (Telemark) , Notodden (Telemark) , Bamble (Telemark) , Kragerø (Telemark) , Drangedal (Telemark) , Nome (Telemark) , Bø (Telemark) , Sauherad (Telemark) , Seljord (Telemark) , Kviteseid (Telemark) , Nissedal (Telemark) , Fyresdal (Telemark) , Tokke (Telemark) , Vinje (Telemark)

Beskrivelse av boken

Så er ei ny utgåve av Årbok for Telemark på marknaden att. I denne boka finn du mykje interessant stoff frå heile Telemark. Les du gjennom dei skiftande og varierte artiklane, kjem du på ein eller annan måte innom godt som alle kommunane i det mangslungne fylket vårt.

Du kan lesa om Dampskipstrafikken på Tinnsjå frå 1864 til 1938. Ragnar Dybdal står for den forteljinga.
- Kjell Åsen er ein trufast forfattar i Årboka. I år skildrar han Jon Fjone og litt av sanninga om han.
- Ivar A. Skifjeld fortel om iseksporten frå Grenland
- Kari Lønnestad tek oss med utanom allfarveg på leiting etter folkemusikk.
- Ingebjørg Heggtveit fortel om Besta Bø, Kjersti Dalen, som vandra den lange vegen frå Bø til Haukelid med dyr som skulle på fjellbeite ved Bordalsvatnet.
- Meisterspelemannen Petter Veum frå Fyresdal vert skildra av tippoldebarnet Lars Veum, medan eit anna tippoldebarn, Lars Bjaadal, har skildra han i kåseriform.
- Olav Mosdøl er ein annan trugen medarbeidar. I år fortel han om biletkunstnaren og teikneseriedronninga Solveig Muren Sanden frå Vrådal.
- Torfinn Syftestad minnest NM på ski i Skien for 50 år sidan,
- Arne T. Aabø har møtt skiveteranen H. H. Svartdal i Flatdal.
- Øyvind Skar tek oss med til Tinn, kommunen lengst nordaust i Telemark
- Astrid Ormtveit fortel om legen Andreas Quisling og kona hans, felespelaren Dagny Andrea Veum Quisling.
- Torfinn Syftestad skriv og om familiebladet ”For bygd og by”, eit mykje lese blad i fyrste halvdel av 1900-talet
- Torstein Heldal drøftar aktuelle problemstillingar kring telemarkshistoria og utviklinga der.

Alt dette og meir til kan du lesa i denne boka. Noko for ein kvar smak, kan me seia.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere