Mat og tradisjoner i Åmli - med oppskrifter

av Ingrid Brekke (Redaktør) , Astrid E. Føreland (Redaktør) , Bergit Gjermones (Redaktør) , Bjørg Kleivene (Redaktør) , Ellinor Oland (Redaktør) , Kari Hagelia Olstad (Redaktør) , Anne Tone Aanby (Redaktør) , Mariann Sletten (Redaktør)
Forlag:Åmli Boknemnd
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2010
Antall sider:264
Kategori:Lokallitteratur
Område: Åmli (Aust-Agder)

Beskrivelse av boken

Kunnskapen om matlaging har blitt vidareført gjennom generasjonar. Tenker ein etter, er det nok mange av oss som har lært mykje av mor og bestemor. I arbeidet med denne boka har ein lagt vekt på å sikre og vidareformidle både oppskrifter og kunnskap om mattradisjonar frå Åmli. Naturleg nok har vi mykje felles med andre bygder, men også lokale variantar og enkelte spesialitetar.

Mykje av vår lokale historie er tett knytt til maten. Ikkje minst er det ein viktig del av kvinnene si historie. Gjennom skiftande tider har dei gjort seg nytte av lokale ressursar med stor klokskap og stoltheit - for å gjere sitt beste for familien. Frå tronge tider der det var mange munnar å mette i kvart hus, fram til i dag med stor velstand, ser ein at lokale mattradisjonar lever. Nye hjelpemiddel er tatt i bruk, men i frysen har vi råvarer som kjøtt og bær som blir nytta på tradisjonelt vis.

Ein ønsker lykke til med bruken av boka og håper ein vil sjå at tradisjonsmat frå Åmli kan vere spanande og godt - og gildt å lage!

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere