Vaulefolket på flukt frå Gestapo

av Jorunn Kydland
Forlag:Commentum forlag AS
Format:Innbundet
Språk:Bokmål
Utgitt:2015
Antall sider:216
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Krigshistorier
Område: Bjerkreim (Rogaland)

Beskrivelse av boken


Frå 1943 vart ein av dei viktigaste sendarane for etterretning i Rogaland plassert på Vaule i Bjerkreim. Sendaren skulle dekke Stavangerområdet. Då denne sendaren vart oppdaga, måtte alle på dei to gardane flykta, i hui og hast, midt på natta. Mange leid mykje vondt då dei gøymde seg for tyskarane. Dei låg ute under steinar, i hellerar og inne i løer. Ei av løene vart det sett fyr på, dette for «å brenna ut flyktningane» som tyskarane trudde var inne i bygningen. «Vi hadde ingen sjanse til å rømme, for vi var omringet av ca. 100 mann. Våpen og annet av verdi ble kastet i flammene, og vi gikk ut og overgav oss», skreiv Ludvig Vaule om då han og to andre gjekk ut til gestapisten Hølscher og medhjelparane.

Fleire av personane skreiv dagbøker om opplevingane frå flukta, fangenskap og tortur. Nokre kom seg over til Sverige, andre vart fengsla i Stavanger, Møllergata 19 eller på Grini. Nokre gøymde seg rundt i bygda til freden kom.

I boka finn vi mellom anna utdrag av dagbøker, forteljingar, gamle brev og dokumenter.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere