Snowshoe Thompson

av Halvor Kleppen
Forlag:Vest-Telemark Museum
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2015
Antall sider:212
Vekt:720
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Telemark , Skihistorie
Område: Tinn (Telemark)

Beskrivelse av boken

Snowshoe Thompson blei fødd som Jon Torsteinson Rue i Austbygde i Tinn i 1827, og døydde i California 49 år etter. Då hadde han i 20 år frakta post og gods på ski i dei ville og vêrharde fjella i Sierra Nevada, på ei tid der ski var lite utbreidd i Amerika. Utan innsatsen hans ville mange bygder vore fullstendig isolerte i mange månader kvar vinter. I Amerika er han den dag i dag ein legendarisk helt, og framleis blir det kvart år arrangert skirenn til hans minne på båe sider av Atlanteren.

I den nye boka Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn har forfattaren Halvor Kleppen teke tak i mytane og forteljingane om Snowshoe Thompson og halde desse opp mot historiske fakta. Nytt kjeldemateriale er òg funne. Me får eit innblikk i Tinn-samfunnet og bakgrunnen for utvandringa til Amerika, og ikkje minst får me vete korleis tinndølane fekk det i det nye landet. Den viktigaste bolken i boka er sjølvsagt om det sagnomsuste men harde livet til Snowshoe Thompson i USA.

Forfattaren har skapt ei levande og rikt illustrert bok på over 200 sider som fortel om både kjente og meir ukjente delar av livet til Snowshoe Thompson.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere