Telemarks historie 1-3

av Ingvar Skobba (Redaktør) , Øystein Rian (Redaktør) , Nils Ivar Agøy (Redaktør) , Ellen Schrumpf (Redaktør) , Olav Rovde (Redaktør)
Forlag:Fagbokforlaget
Format:Innbundet
Språk:Bokmål/Nynorsk
Utgitt:2014
Vekt:5400
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Historie , Telemark
Område: Kviteseid (Telemark)

Beskrivelse av boken

Fraktfritt tilsendt heile landet...

Forlagets omtale:
Kva er det med Telemark? Namnet har ein eigen klang, og slik har det vore i fleire hundre år. Telemark vart som region eit av dei mest kjende «merkenamna» i Noreg. Telemark fostra dei fremste diktarane og - for den del - den mest kjende landsforrædaren. Telemark var «skisportens vogge», og om vinteren høyrer vi stadig uttrykk som «telemarksnedslag» og å køyre «telemark». Telemarkingane fekk ord på seg som det mest opprørske og uregjerlege folkeferdet i landet, men regionen vart også hovudområde for den fremste nasjonsbyggjande folkekulturen - og den moderne industrikulturen. Krigshendingane gav opphav til «Heroes of Telemark», og tungtvatnsaksjonane som hindra Hitler i å utvikle atomvåpen, har stadig vore emne i bøker, filmar og TV-seriar.

TELEMARKS HISTORIE tek opp alle desse emna. Det nye verket har eit langt tidsperspektiv, frå jegersamfunnet meir enn 12 000 år sidan til de moderne samfunnet på 2000-talet, og eit vidt siktemål. Det handlar om skiftande levevilkår gjennom dei mange hundre åra, korleis telemarkingane organiserte liva sine, faktorar som batt saman og gav samhandling, lokale forskjellar og trekk som gav spenningar og motsetningar, og regionen sett i forhold til resten av landet og til verda omkring.

TELEMARKS HISTORIE er den første breie, samla framstilling av Telemarks historie. Det omfattar tre rikt illustrerte bind med til saman fleire hundre historiske bilete, nye foto, biletkunst, temakart og grafiske framstillingar. Binda er organiserte kring tre store hovudtema: økonomi, næring og sosiale forhold, den politiske og administrative organiseringa av telemarkssamfunnet, og utviklinga av telemarkskulturen. Dei tre binda er disponerte gjennom hovudartiklar og spesialartiklar knytte til desse hovudemna. Til saman 27 forfattarar har vore engasjerte i skrivearbeidet, alle framståande fagfolk med røynsle i å formidle historie og lokalhistorie for eit breitt publikum.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere