Kyrkja - Kviteseid - Kanalen

av Olav Mosdøl (Redaktør) , Gunnar Ruud (Redaktør)
Forlag:Kviteseid Sokneråd
Format:Innbundet
Språk:NYN
Utgitt:2016
Antall sider:154
Vekt:900
Kategori:Religion og livssyn
Nøkkelord: jubileum , Kyrkje
Område: Røyken (Buskerud) , Kviteseid (Telemark)

Beskrivelse av boken

Kyrkja - Kviteseid - Kanalen

Busetjingsmønsteret endra seg mykje i landet vårt sist på 1800-talet. Det skjedde også i Telemark. Faktorar som båtferdsle, handel og handverksmiljø skapte framvekst av nye sentra, slike som Kviteseidbyen. På grunn av dårlege vegar og vanskelege kommunikasjonsforhold hadde mange grender langs Flåvatn og Kviteseidvatnet brysam og lang veg til kyrkja og gravplassen ved Kviteseid gard.

Desse krevjande forholda til kyrkjetilsynet i Kviteseid opp i møte 04.12.1900. Då morgedølen Aslak Bergland overtok sokneprestembetet i Kviteseid i 1903, vart det framdrift i saka. Om lat ti år seinare vart det bestemt å byggje ny soknekyrkje i Kviteseid sentrum og kapell i Fjågesund. Seinare fekk kapellet namnet "Kyrkje".

Kyrkja og kapellet vart teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve i Poregrunn og bygde i 1915. Biskop Bernt Støylen stod for vigslinga våren 1916 saman med sokneprest Aslak Bergland.

Boka er bygd opp som ei artikkelsamling, og mykje av stoffet er skrive av lokale forfatterar. I boka vert også presentert ein ny song til Kviteseid og ei ny salme. Artiklane er illustrerte med eit godt utval av fotografi av nyare dato og foto frå Kviteseid historielag si rikhaldige samling.

(Tekst tatt frå baksida på boka.)

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere