Skogbruket i Tokke

av Lars Veum
Forlag:Tokke Skogeigarlag
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2015
Antall sider:128
Vekt:550
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: skoghistorie , skogbruk , skog
Område: Tokke (Telemark)

Beskrivelse av boken

Forord tatt frå boka:

Tokke kommune vart skapt då Lårdal og Mo kommunar gjekk saman til ein kommune i 1964. Tømmer frå skogbruket vart tidlegare levert til forskjellige vassdrag. Tømmer frå Skafså vart såleis levert til Åmdalsvassdraget. Skafså skogeigarlag høyrde difor til Nidarå Tømmersalslag. Resten av noverande Tokke kommune, der tømmeret vart fløyta i Tokkeåi til Dalen og i Dalaåi frå Høydalsmo til Sundkilen i Kviteseid, høyrde til Telemark Tømmersalslag. Dette var bakgrunnen for at Tarjei Gaastjønn og Sverre Bakke ivra for at vi skulle få ei samla soge om skogbruket i Tokke. Styret i Tokke skogeigarlag vedtok difor at det skulle utarbeidast ei bok om dette, etter ein prosjektplan frå underteikna.

Utviklinga innan skogbruket har endra seg dramatisk i seinare år. Det som tidlegare var ei næring som skaffa sysselsetting til mange, er no blitt ei heilmekanisert næring med få arbeidsplassar. Snart er det lite som minner om tidlegare tiders driftsformer i skogbruket. Dette gjer det viktig at komande slekter kan finne kunnskap om dette. Eg har difor prøvd å få med mykje biletmateriale som kan illustrere utviklinga på ein lettforståeleg måte.

Eg vil rette ein særleg takk til Sverre Bakke, Tarjei Gaastjønn, Magne Ljosdal, Tarjei Førstøyl, Olav Mostaul, Dagfinn Midtbø og Halvor Sandok for hjelp med stoff og bilete. Torgrim Otterholt og Harald Skarpeid har hjelpt meg med språket.

Fyresdal mars 2015
Lars Veum

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere