Herleg var vår barndoms grend...

av Ingvald Godal
Forlag:Eige forlag
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2012
Antall sider:112
Vekt:300
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Rauland , Oppvekst
Område: Vinje (Telemark)

Beskrivelse av boken

Glimt frå livet på Rauland under og like etter krigen

"Det vakraste i heile verden er å stande på Haddland og sjå til Rauland", sa Odd Kvåli. Andre meinte at det var minst like vakkert å stande på Rauland og å sjå Vehuskjeringi spegle seg i Totak. Men eitt er sikkert, vakrare stad enn Rauland finns ikkje. Eg hev reist mykje på alle kontinent så nære som Australia og hev aldri sett maken.

Dette var min barndoms grøne bygd. Eg voks opp under krigen. Då var det fastbuande i alle stogene, og ungar eller ungdom i dei fleste. Her krydde det av folk og det sosiale livet var rikt og mangslunge. Folk gjorde ting saman då. Dei sat ikkje heime og glodde på fjernsyn, for slikt fans sjølvsagt ikkje. Folk vitja kvarandre på kveldstid, kosa seg, fortalde segner og stubbar. Sume song eller spila på fele.

Tekst tatt frå baksida på boki.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere