Gamalt frå Kviteseid - Årsskrift 2013

av Tore Skaug (Redaktør) , Torfinn Syftestad (Redaktør)
Forlag:Kviteseid Historielag
Format:Innbundet
Språk:Nynorsk
Utgitt:2013
Antall sider:120
Vekt:400
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Lokalhistorie
Område: Kviteseid (Telemark)

Beskrivelse av boken

Forord frå boka:

Som i fjor slepper redaksjonsnemnda eit årsskrift med variert innhald.
Øvst på innhaldslista står to kviteseidingar som på kvar sin måte har sett sitt preg på lokalsamfunnet på 1900-talet. Den eine som jordmor og "mor" til stort sett alle som kom til i Kviteseid i ein 40-årsperiode - den andre som lærar og avhalden pedadog og tavle-teiknar om lag like lenge. Gunnar Sanden har skrive om bestemor Lovise - den lydhøyre eleven Torfinn Syftestad om John Skaprud.

På sorenskrivarkontoret har ei rekkje lysande personlegdommar fått sitt fyrste møte med praktisk jus. I dette heftet fortel Georg Apenes, nå pensjonert som politikar og datatilsynsdirektør, om korleis han opplevde Vest-Telemark som nyutsprungen cand. jur. Her er fleire å ta av, og me vonar andre dommarfullmektigar etter kvart vil stå fram i "Gamalt frå Kviteseid" og fortelje om tida si i Vest-Telemark-bygdene.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere